

Opna nye sykkelskåp i Arna
Sykkelsjef Einar Grieg i Bergen kommune kutta snora då dei nye sykkelskåpa på Øyrane Torg i Arna vart opna.
– Her står sykkelen trygt, og inntil 12 timar gratis, seier Einar Grieg og opnar døra til eit av dei ti nye sykkelskåpa.
– Det er ideelt, enten du skal handle på Øyrane torg, eller brukar skåpet som innfartsparkering når du skal ta toget vidare på jobb i Bergen.
Kort veg til toget
Frå dei nye sykkelskåpa er det nemleg berre ein kjapp tur gjennom undergangen fram til perrongen på Arna stasjon. Og her går toget til byen kvart kvarter.
Ei av dei som var glad for tiltaket var Asta Lindstrøm.
– Eg er veldig positiv til Miljøløftet og det arbeidet som skjer der, seier ho.
– No er eg i ferd med å setje vekk sykkelen for sesongen, men kanskje eg brukar sykkelskåpa til våren att?
Trygge og enkle i bruk
Einar Grieg framhevar at dei nye skåpa både er trygge, og enkle å bruke. Du lastar ned ein app og opnar og låser med den.
– Vi har aldri opplevd tjuveri med denne typen skåp, seier han.
– Og det er god plass til både vanlege syklar og elsyklar i skåpet. Berre hugs at bakhjulet skal inn først!
Trygg sykkelparkering i alle Miljøløftet-kommunane
Dei siste åra har det kome sykkelskåp og andre former for trygg sykkelparkering i alle Miljøløftet-kommunane. Og tilbodet er populært. På Bergen busstasjon har sykkelskåpa blitt brukt over 9000 gonger sidan dei kom på plass i 2020.
Her kan du sjå eit kart over sykkelskåpa frå Bikely, og kvar du finn dei.
Lurer du på korleis sykkelskåpa virkar? Avisa Bygdanytt har laga ein nyttig video som du kan sjå her.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.






