

Opna Myrane-prosjektet på Askøy
Til song frå Kleppestø barnehage vart det store Miljøløftet-prosjektet på Myrane på Askøy opna. Utbygginga gir betre og tryggare tilhøve for gåande, syklande og kollektivreisande i området.
Fylkesordførar Jon Askeland klipte snora og opna vegprosjektet, saman med fylkesvaraordførar Stian Davies og Askøy-ordførar Yngve Fosse. Borna frå Kleppestø barnehage assisterte også under opninga, og bidrog entusiastisk både med song og dans.

Stor aktivitet
– Dette er eit utruleg viktig prosjekt, sa ordførar Yngve Fosse.
Han framheva at Myrane er eit område som yrer av liv, med barnehage og skular, og til saman rundt 2000 barn og ungdom. Det er også mykje trafikk til helsetunet, og det er trafikk til kultur- og idrettsaktivitetar på kvelden. Når den nye idretts- og symhjehallen opnar til neste vår blir det endå meir aktivitet.

– Miljøløftet har gjort det mogleg for oss å bygge ein ny infrastruktur, med færre avkøyrslar for bilar, og gjere heile området tryggare og betre for syklande og gåande, sa han.
Bygger for borna
Fylkesordførar Jon Askeland sa at Kleppestø barnehage var med å gjere dette til den gøyaste vegopninga på lenge.
– Det er veldig passande at de er med på denne opninga, for det er dykk vi bygger for, sa han.
Som ordførar Fosse, understreka også Askeland kor viktig Miljøløftet-samarbeidet har vore for prosjektet. Hoveddelen av finansieringa er med statlege midlar. I tillegg har det vore nokre kommunale og fylkeskommunale midlar til prosjektet.
– Dette har vore eit sårt tiltrengt prosjekt lenge. Til saman har det kosta rundt 200 mill. kroner. Det hadde ikkje vore mogleg å få til utan dei statlege midlane.
Omfattande prosjekt
Kleppestø barneskule, Kleppestø ungdomsskule, og den nybygde Askøy vidaregåande skule ligg alle på Myrane. Helsetunet på Askøy, ligg også her, og våren 2026 vil altså den den nye idretts- og symjehallen også opne.
Tidlegare har bruken av området vore bilbasert. Gjennom utbygginga blir større deler av området bilfritt, og lagt betre til rette for syklande, gåande og kollektivreisande.
Dei tidlegare avkøyrslane er borte, og biltrafikken samla i ein felles avkøyrsel gjennom ei ny rundkøyring i Kleppevegen.

Det er bygd ein ny sykkelveg med fortau som går vidare mot Kleppestø, og blir ein del av eit samanhengande gang- og sykkeltilbod på Askøy. Det har kome nye haldeplassar for kollektivreisande, og ein ny trafikksikker haldeplass til skuleskyss er også på plass. Det er også bygd stopp- og hentestader for ungdomsskule/vidaregåande skule og idrettshall (såkalla kiss & ride).
Gjennom prosjektet er det også laga overvassystem saman med med vatn- og avløpsanlegg, og det er etablert fjernvarme og bossuganlegg for Askøy kommune.
Takka for tålmodet
Gunhild Vangsnes, avdelingsleiar for planlegging og utbygging i Vestland fylke, kalte dette ein gledens dag. Ho framheva det gode samarbeidet med Askøy kommune, og med entrepenøren Bertelsen & Garpestad i prosjektet.

Ho understreka også den gode dialogen med naboar til prosjektet.
– Det har vore utfordrande for både skular og helsetun dei to åra vi har halde på med prosjektet. Vi vil takke for det tålmodet alle har vist!