Sjå høgdepunkta frå Mobilitetsveka

Ei veke proppa med aktivitetar i alle Miljøløftet-kommunane – her kan du sjå nokre av høgdepunkta frå Mobilitetsveka.

Frå 16. til 22. september arrangerte Miljøløftet Mobilitetsveka, eit årleg fenomen som blir markert i fleire tusen stadar i heile Europa.

Gjennom veka feira vi med ei rekke aktivitetar og arrangement i Bergen, Alver, Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden.  

I alle kommunane har vi gitt ut smoothie og smågåver til dei som reiste med kollektiv, sykkel eller gange. Det har og vore gratis sykkelservice og spektakulære sykkelshow i alle kommunar. 

I Øygarden opna vi Miljøløftet-prosjektet i Grønamyrvegen, og i Arna var det opning (bokstavelig talt) av sykkelskap.

Starten av Mobilitetsveka ble markert med eit frukostseminar med tema "mobilitet for alle" hos bymiljøetaten i Bergen. Teresie Hommersand, kjent for å ha sykla frå Cape Town til Nordkapp, fortalte om den spennande reisa si på Litteraturhuset.

Laurdag 20. september var det Bilfri dag i Bergen. Fleire av byens gater ble stengt for biltrafikk, og i staden fylt med folkeliv og aktivitetar for store og små.