

Etterlengta opning for Åsen–Helleskaret
Både små og store møtte talrikt opp då vegen mellom Åsen og Helleskaret i Bjørnafjorden opna. Med Miljøløftet-finansiering er det også blitt gang- og sykkelveg langs den nye vegen.
Fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret gir eit heilt nytt samband frå Lysefjorden og opp til Endelausmarka, Lyseparken og nye E39. I tillegg er det bygd kommunal veg som knyter saman den nye vegen med bustadfelt, skule og idrettsanlegg i Lysekloster.
Miljøløftet-midlar til gang- og sykkelveg
Gjennom Miljøløftet er det også finansiert bygging av ein gang- og sykkelveg som gjer det tryggare og enklare å velje bort bilen langs strekninga.
Heile dette store samarbeidsprosjektet blei opna av fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Bjørnafjorden, Terje Søviknes, saman med mange glade frammøtte.
Dei to ordførarane kutta snora i lag for den nye vegen, medan elevar og barnehagebarn frå Lysekloster song Os-songen.
Glade for spleiselag
Ordførar Terje Søviknes var glad for det spleiselaget ein hadde fått til med vegen, mellom fylkeskommune, kommune og bustadutviklarar langs traseen, og med finansiering gjennom Miljøløftet til gang- og sykkeldelen av prosjektet.
Rundt 200 millionar har prosjektet kosta totalt, og Miljøløftet-finansieringa til gang- og sykkelveg står for 59,6 av desse millionane.
Jon Askeland understreka òg det gode samarbeidet, og takka alle som hadde bidratt til vegprosjektet.
Han tok også i bruk nokre døme frå dyreverda for å beskrive den nye vegstrekninga. Som at det ville ta ein gepard ca. eitt minutt å springe den.
Kort veg til 600-bussen
For menneske går det nok ikkje like fort til beins. Men med den nye gang- og sykkelvegen kan ein på vel eit kvarter gå frå Lysefjorden opp til busstoppet ved E39 og ta 600-bussen vidare mot Osøyro eller Bergen. Og med sykkel går det endå raskare.
Foto øvst i sak: Silje Alvsaker / Vestland fylkeskommune
Sjå dronevideo frå bygginga her (august 2025)
Video: Vestland fylkeskommune
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.








