Opna Mobilitetsveka med morgonutdeling i Bergen sentrum

16. september opna Mobilitetsveka, med morgonutdeling til gåande og syklande utanfor Vestlandshuset i Bergen sentrum. Byutviklingsbyråd Christine Kahrs var med å dele ut smoothies og handlenett.

– Dette er veldig gøy å vere med på, seier byråden. 
 
– Eg pleier å ta bybanen til jobb. Men eg syklar også masse rundt på befaring for å bli kjent med dei sakene eg held på med. Det er veldig nyttig.
 

Feiring av grøne reisevanar 

 
Saman med Christine Kahrs var også sykkelsjef Einar Grieg i Bergen kommune, sekretariatsleiar i Miljøløftet. Aina Haugstad, og Andreas H. Opsvik og Eivind Kvamm-Lichtenfeld i Syklistforeningen Bergen og omegn. 
 
Mobilitetsveka 2024 er ei heil veke med feiring av grøne reisevanar i alle Miljøløftet-kommunane. Sykkelshow, Bilfri dag og gjer-det-sjølv-sykkelverkstad er noko av det som står på programmet, frå 16. til 22. september. 

Lunsjseminar og filmpremiere

 
På Straume i Øygarden blir det lunsjseminar med betre trafikkflyt og samkøyring som tema, og  på Kulturhuset i Vaskerelven i Bergen blir det norgespremiere på den nederlandske sykkelfimen "When we cycle"