Har du merknader til planoppstart for Kjøkkelvikveien?
Kjøkkelvikveien i Laksevåg bydel skal oppgraderast, slik at vegen blir betre for mjuke trafikantar. Planoppstarten er på høyring, og du kan gje dine merknader innan 11. juni.
Formålet med planen er å legge til rette for samanhengande gang- og sykkelløysing frå Lyderhornskrysset til Fæsterhuset/Kjøkkelvik idrettsplass, og generelt gjere det betre å kome seg fram for mjuke trafikantar.
I tillegg blir det lagt til rette for å føre vassledning i sjø til Kjøkkelviken.
Eit Miljøløftet-prosjekt
Strekninga er på omtrent to kilometer. Prosjektet er ein del av handlingsprogrammet for Miljøløftet, og ein del av det prioriterte sykkelnettet i Sykkelstrategi for Bergen 2020-2030.
Send inn merknad
Forslagsstillar til planen for Kjøkkelvikveien er Vestland fylkeskommune.
På denne kunngjeringssida finn du dokument i saka. Her kan du også sende inn dine merknader.
Fristen for å sende inn merknader er 11. juni.
Annan informasjon og lenker
Informasjonsside på Vestland fylkeskommune
Presentasjon frå informasjonsmøte om prosjektet, 14. mai 2024
Prosjektside på nettsidene til Miljøløftet
Foto: Vestland fylkeskommune.