Korleis er det å sykle i din Miljøløftet-kommune? Sei meininga di her!
Korleis syns du det er å sykle der du bur? No kan du seie meininga di i Sykkelundersøkelsen 2022. Ordførar Tom Georg Indrevik i Øygarden er ein av dei som gjerne vil ha di tilbakemelding.
Skal det bli betre å sykle, er det viktig med gode tilbakemeldingar. Fram til 31. juli kan alle innbyggarar, både i Miljøløftet-kommunane og alle andre, sei si meining i Sykkelundersøkelsen 2022.
Denne nasjonale undersøkinga er i regi av Syklistenes Landsforening, men svara herfrå går inn til kvar enkelt kommune. Dermed kan dei gje svært gode innspel til sykkelarbeidet i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden i tida framover.
Om nok personar deler sine synspunkt, får kommunen ein eigen, detaljert innsiktsrapport, og vert med i samanlikninga og rangeringa av Noregs kommunar ut i frå syklistane sin ståstad.
Brukarundersøkinga er digital og anonym, og open for alle som syklar. Klikk her for å delta
Viktig for å nå måla i sykkelstrategien
Øygarden kommune har nettopp hatt ei stor reisevaneundersøking retta mot sine innbyggjarar. Sykkelundersøkinga kan gje nyttig tilleggsinformasjon for å skapa nye reisemønster der bilbruken går ned og sykkelbruken opp.
Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, håpar mange vil svare på sykkelundersøkinga.
− Skal vi makte å få gjennomført måla i sykkelstrategien vår, treng vi kunnskap om korleis syklistane opplever det er lagt til rette for å sykle i kommunen. Difor oppmodar eg alle til å svara på undersøkinga, seier ordføraren.
− Verdifull innsikt
Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Thor Haakon Bakke, ser resultat frå slike undersøkingar som viktige for å skape gode framtidige sykkelløysingar.
− Skal vi få fleire til å sykle og redusere klimagassutsleppa frå personbiltrafikken, er det avgjerande at vi lyttar til syklistane. Det gjeld både kva som alt er bra, og kva som kan bli betre, meiner byutviklingsbyråden.
Mange sykkeltiltak i gang
Det blir satsa mykje på sykkel rundt i Miljøløftet-kommunane.
I Bergen opnar snart verdas lengste gang- og sykkeltunnel til Fyllingsdalen, det blir bygd nye meter med sykkelveg, og både bysykkelordning og sykkelskapordningar har kome på plass dei siste åra.
Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden har utarbeida sykkelstrategiar, og føl opp med utlånsordningar for el-sykkel, sykkelparkering og gang- og sykkelvegar.
Men går det fort nok? Det kan du altså seie di meining om her.