Glade for tryggare skuleveg

Elevane på Danielsen er glade for at arbeidet med kulverten under Idrettsvegen på Straume i Øygarden er i gang. Prosjektet, som er finansiert gjennom Miljøløftet, skal etter planen vera fullført i løpet av 2022.

KVA BETYR MILJØLØFTET FOR DEG? DEL 4

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Alexandra Sannarnes, Daniel Ebbesvik  og Benjamin Ebbesvik er mellom dei elevane som dagleg går eller syklar til og frå Danielsen barne- og ungdomsskule, som ligg langs Idrettsvegen.

– Eg kryssar tre fotgjengarfelt på veg til skulen. To av dei er her i skuleområdet. Det er mest trafikk om morgonen, særleg når vi skal gå over fotgjengarfeltet ved turnhallen. Stort sett kvar gong må bilar stansa før vi kan kryssa vegen, seier Alexandra.

– Kva tykkjer du om at det vert bygd kulvert (undergang) og at du slepp å kryssa Idrettsvegen?

– Det er bra og viktig for tryggleiken, seier ho.

TRAFIKKERT KRYSS: Benjamin Ebbesvik, Daniel Ebbesvik og Alexandra Sannarnes er glade det snart kjem kulvert under Idrettsvegen.

Benjamin syklar til og frå skulen stort sett kvar dag. Han kjenner godt til kor viktig det er å ha trygg skuleveg.

– Ein elev i klassen vår vart påkøyrd ved Straume Forum. Heldigvis vart ho ikkje alvorleg skadd. Eg har også opplevd at bilar har bremsa kraftig ned når vi skal til å kryssa vegbana i fotgjengarfeltet. Det er fint at det vert bygd kulvert, seier Benjamin Ebbesvik.

Daniel Ebbesvik er glad for at dei ikkje har vorte utsette for alvorlege ulukker.

– Det er viktig at vi stoppar opp og ser oss nøye om før vi går over fotgjengarfeltet. Eg er glad for at det kjem kulvert i Idrettsvegen. Det vil gje oss tryggare skuleveg, seier han.

Mange barn og unge ferdast i Idrettsvegen

Dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, seier at sportsklubben lanserte ideen om ein kulvert i 2018 i samband med bygginga av turnhallen.

– Vi er naturlegvis svært glade for at kommunen har følgd opp og no startar bygginga av dette viktige trafikksikringstiltaket. Det er meir enn fire tusen barn og unge som brukar idrettsparken kvar veke og som no vil få ein langt sikrare veg anten dei kjem til fots eller syklar. Kanskje vil dette også bidra til at endå fleire vel å sykla til trening, seier Christensen.

TRAFIKKFARLEG: Det går mykje tungtransport forbi skule- og idrettsområdet langs Idrettsvegen.

Det går mykje tungtransport forbi skule- og idrettsområdet på Straume som skal til og frå Straume Næringspark. Royal Transport køyrer ofte denne vegen og har tung last som til dømes grus, stein, betongelement og stål.

– For oss betyr det mykje at denne kulverten no etter kvart kjem på plass. Om kort tid kjem det nye bygg og anlegg som medfører endå meir transport, seier marknadsansvarleg Arne Dyngeland.

Langs Idrettsvegen er det barne- og ungdomsskule, barnehage, store idrettsanlegg og mykje industri.

– Denne kulverten er eit godt trafikksikringstiltak. Ungdom som skal til skulen eller idrettsanlegga er kanskje seint ute, og då er det lett å ta sjansar. Kulverten vil bidra til mindre transport av barn og unge, færre mjuke trafikantar som kryssar vegbana og går langs vegen, seier Dyngeland.

Finansiert gjennom Miljøløftet

Arbeidet er med prosjektet er i gang. Prosjektleiar hjå Sartor & Drange, Svenn Smørås, seier at før fellesferien vert det gjennomført klargjering og tilrettelegging.

ENDELEG ANLEGGSSTART: Frå venstre Svenn Smørås, prosjektleiar i Sartor & Drange, Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune og Terje Dolvik, avdelingsingeniør for samferdsel i Øygarden kommune.

– Trafikken må slusast forbi anleggsområdet. Sjølve arbeidet med kulverten tek til tidleg i august. I utgangspunktet skal arbeidet vera ferdig i løpet av 2022, seier prosjektleiaren.

Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet. Det er sett av 10,6 millionar kroner til kulverten.  Formålet er å betra framkomsten og tryggleiken mellom Straume sentrum og idretts-, skule- og industriområdet i Idrettsvegen.

– I tillegg til at dette er eit godt trafikksikringstiltak, er det også eit bidrag til at vi når målet i Miljøløftet om å sikra at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykling og gange, seier ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik.