Kjøp eitt vinterdekk, så spanderer vi det andre!

Er du klar for vintersykling? I samarbeid med lokale aktørar piggar vi opp sykkelen din for vinteren 2023/24. NB: Kampanjen varte fram til 15. desember 2023, og er no avslutta for i år.

Stadig fleire ønskjer å sykle heile året, og når vinteren kjem er det viktig å vere førebudd. Då treng du piggdekk.

Miljøløftet går no saman med sykkelbutikker og andre lokale aktører slik at du kan sykle trygt hele vinteren: Kjøper du det eine piggdekket, spanderer vi det andre. Omlegging er også inkludert. 

Slik fungerer det: 

  1. Få eitt piggdekk gratis, betal for eitt sjølv. Omlegging er inkludert.
  2. Vi dekker opptil kr 800,- inkl. mva. for eitt piggdekk og omlegging
  3. Har du eigne piggdekk, dekker vi omlegging
  4. Ta kontakt med ein av sykkelbutikkane/aktørane nedst på sida og bestill time

Her er det førstemann til mølla! Kampanjen gjeld frå 30. oktober til 15. desember, eller så langt lageret rekk. 

Butikkar og lokale aktørar der du kan få  piggdekktilbodet:

Bergen 
Trek Bergen, Fjøsangerveien 207. Tlf: 55 27 14 50
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: https://service.trekbergen.no/
Bruk kampanjekoden Miljøløftet når du bestiller time. 

Sykkelbutikken, Kanalveien 107. Tlf: 55 36 18 80
Nettside for verkstad: https://sykkelbutikken.no/content/9-verksted
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du på telefon eller på e-post:
verksted@sykkelbutikken.no
Skriv inn referanse Miljøløftet i eposten.

Pedalen sykkelverksted, Agnes Mowinckels gate 6. Tlf: 55 61 20 00
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: https://pedalenbergen.bestille.no/OnCust2/#!/
Skriv inn referanse Miljøløftet i bestillinga. 

Cyclofix, Nøstegaten 49. Tlf: 922 20 919
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: 
https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet i meldingsfeltet. 

Alver
Sport1, Atleten, AMFI Knarvik, Tlf: 56 35 04 15. 
Tider for dekkskift: 16. og 23. november, kl. 17–19.

Askøy 
BUA Kleppestø, Klampavikvegen 1 (kjellaren på Rådhuset).
Tider for dekkskift: 9. og 16. november, kl. 17–19. 
Bestill dekkskift direkte hjå reparatøren Cyclofix: https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet Askøy i emnefeltet.
Du kan også bestille på telefon: 922 20 919. 

Bjørnafjorden 
Skaparstovo, Øyro 5, Os. Ope mandag–fredag, 10–16. Tlf: 942 53 618. 
Tider for dekkskift: 7. og 14. november, kl. 17–19
Bestill dekkskift direkte hjå reparatøren Cyclofix: https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet Bjørnafjorden i emnefeltet.
Du kan også bestille på telefon: 922 20 919. 

Øygarden 
Basecamp, Sartor senter, Straume, Tlf: 403 37 729.
Nettsider: https://www.basecamp-sotra.no/tiltak/sykkelverkstaden/

Hugs lys, refleks og bremser! 

I tillegg til piggdekk er det også viktig å ha lys og refleks på plass i perioden med mørke, snø, is og kulde. 

Godt lys er ikkje berre viktig, det er faktisk også påbode. Det er påbod om gult eller kvitt lys framme og raudt lys bak. I tillegg er det påbode med raud refleks bak, og gul eller kvit refleks på begge sider av pedalane.

Det er også lurt å ha refleks på kleda i skumring og mørke. Og ikkje minst: Sjekk at du har fungerande sykkelbremser. Godt sykkelvedlikehald er ekstra viktig om vinteren.

 

Les meir om trygg vintersykling hjå: