Øygarden kommune
- Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Kollektiv
- Status: Planleggingsfasen
Prosjektet gjeld regulering av sentrumsområde i samsvar med områdeplan for Sotrasambandet inkludert Foldnesvegen (frå Foldnes skule til Stovevatnet). Plassering av ny vidaregåande skule inngår i planarbeidet, i samsvar med vedtak i fylke om lokalisering. Ny kollektivterminal, regulert i områdeplan for Sotrasambandet inngår i planarbeidet. Det same gjer regulering av ny gatestruktur og gang og sykkelveg langs Foldnesvegen.
Formålet med prosjektet er å kople nordsida av Stovevatnet med dagens sentrum i sør. Foldnesvegen blir kopla til dagens sentrumsgater via Stovevatnet. Reguleringa legg grunnlag for nye tiltak i Miljøløftet, som gang- og sykkelveg og nytt kollektivknutepunkt.
Reguleringa vil opne for vidare sentrumsutvikling for å styrke regionsenteret.