Skogsskiftet sentrumsområde

Øygarden kommune

  • Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Kostnad: 74,3 mill. kroner
  • Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
  • Status: Planleggingsfasen

Formålet med tiltaket er å styrke kommunedelsenteret ved å leggje betre til rette for mjuke trafikantar og opne for fortetting av bustader og sentrumsfunksjonar.

Ein vil etablere eit tilbod for mjuke trafikantar langs fylkesvegen og eit samanhengande gang- og sykkeltilbod frå bustadområda ved Kallestad til sentrum. Prosjektet vil og betre tilkomsten for mjuke trafikantar frå planlagte bustadfelt til kollektivterminal og skule/idrettsområde.

Samanhengande gang- og sykkelveg gjennom sentrum vil gje mjuke trafikantar prioritet.

Samstundes vil rundkøyring og miljøgate bidra til redusert hastighet og auka trafikktryggleik forbi og gjennom sentrum.

 

Foto: norgeskart.no