Bergen kommune, Åsane
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler, Statlige programområdemidler
- Status: Planleggingsfasen
- Ferdig: Godkjent reguleringsplan er tidlegast ferdig årsskiftet 2023/2024.
Prosjektet omfattar bygging av sykkelveg med fortau langs Salhusvegen mellom Ulsetstemma og Slettestølsvegen. Strekninga er omlag 2 km lang. Prosjektet er ei forlenging av gang- og sykkelvegprosjektet på søraustre del av Salhusvegen. Det er også planlagt å utbetre eksisterande køyreveg med tilhøyrande kryss, avkjørsler og haldeplassar.
Hovedmålet med tiltaket er å legge bedre til rette for trygg og god framkomst for mjuke trafikantar langs Salhusvegen. Området er under utvikling som næringsområde, og behovet for tilbod til mjuke trafikantar aukar på grunn av utbygginga.
Strekninga koplar Ulset vest og Toppeområdet (område med tett busetnad) saman med sentrale deler av Åsane. Det er per i dag ikkje tilbod for mjuke trafikantar på strekninga.
Tiltaket fører til betre trafikktryggleik og legg til rette for overføring av reiser med bil til miljøvennlege transportformer. Sykkelpotensialet på strekninga er rekna til om lag 300 syklande pr døgn, det meste knytt til arbeidsreiser.
Strekninga er definert som sykkelrute i sykkelnett for Bergen kommune, og ligg i utbyggingsfase 2 (Sykkelstrategi for Bergen, 2020–2030).
I handlingsprogram 2023–2026 er det prioritert 1 mill. kroner til å utgreie om prosjektet kan gjennomførast med konsept som er både mindre kostnadskrevande og mindre arealkrevande enn det som førebels er lagt opp til i planarbeidet. Finansieringa til sjølve bygginga av prosjektet er ikkje lagt inn i handlingsprogram 2023–2026.
Prosjektet er ikkje prioritert med midlar i handlingsprogram 2024–2027. Det er eit særleg ønske om å prioritere dette prosjektet. Men det er dyrt, og det vil bli gjennomført ei prosjektoptimalisering for å finne gode løysingar som er mindre kostnadskrevjande. Prosjektet vert spelt inn att til neste rullering.