Fv. 5308 Sagstadvegen

Alver kommune

  • Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler, Statlige programområdemidler
  • Status: Utbyggingsfasen
  • Ferdig: 2024

Dette prosjektet skal gi eit trafikksikkert tilbud for gåande og syklande på strekninga mellom Sagstad skule og rundkøyringa ved Frekhaug senter. Formålet er å auke andelen gåande og syklande og betre forholda for kollektivreisande.

Dagens veistrekk har låg standard og ligg i et sentrumsnært område med skule og eit stort idretts- og fritidssenter. På grunn av den låge standarden for gåande og syklande langs veien, blir barn i stor grad transportert i privatbilar til og frå skulen og idrettsområdet.

Ein skal no etablere ein ny, trafikksikker infrastruktur med oppgradert vegkropp, ny gang- og sykkelveg / fortau og ny busshaldeplass langs strekninga. 

Gange- og sykkeltilbodet blir kobla mot senterområdet på Frekhaug, og blir ein del av eit samanhengande gang- og sykkeltilbod både i Frekhaugområdet og langs Fv. 564 i kommunen. Dette er vidare bunde saman med tilbodet langs E39 mot både Knarvik og mot Bergen.

Sykkelpotensialmodell for Alver viser eit potensiale for om lag 250 syklande per døgn på dei sentrale delane av Sagstadvegen.

Tiltaket vil og gje betre tilhøve for kollektivtrafikk, gjennom ein ny trafikksikker haldeplass ved Sagstad skule.

Byggestart var i august 2023. Les meir om byggestarten her.