
Alver kommune
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler, Statlige programområdemidler
- Status: Ferdigstilt
- Ferdig: August 2025
Dette prosjektet gir eit trafikksikkert tilbod for gåande og syklande på strekninga mellom Sagstad skule og rundkøyringa ved Frekhaug senter. Formålet er å auke andelen gåande og syklande og betre forholda for kollektivreisande.
Vegstrekket har tidlegare hatt låg standard og ligg i et sentrumsnært område med skule og eit stort idretts- og fritidssenter. På grunn av den låge standarden for gåande og syklande langs veien, har barn i stor grad blitt transportert i privatbilar til og frå skulen og idrettsområdet.
Ein har gjennom prosjektet etablert ein ny, trafikksikker infrastruktur med oppgradert vegkropp, ny gang- og sykkelveg / fortau og ny busshaldeplass langs strekninga.
Gange- og sykkeltilbodet er kobla mot senterområdet på Frekhaug, og er ein del av eit samanhengande gang- og sykkeltilbod både i Frekhaugområdet og langs Fv. 564 i kommunen. Dette er vidare bunde saman med tilbodet langs E39 mot både Knarvik og mot Bergen.
Sykkelpotensialmodell for Alver viser eit potensiale for om lag 250 syklande per døgn på dei sentrale delane av Sagstadvegen.
Tiltaket vil og gje betre tilhøve for kollektivtrafikk, gjennom ein ny trafikksikker haldeplass ved Sagstad skule.
Byggestart var i august 2023, og prosjektet opna 26. august 2025.