KV5294 Reianevegen gang- og sykkelbro over Storelva

Bergen kommune, Arna

  • Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Status: Planleggingsfasen

Det er planlagt ei ny gang- og sykkelbru ved Reiane, sør for eksisterande bilbru. Eksisterande bru er trang og ikkje tilrettelagd for mjuke trafikantar. Ved å bygge ny bru kan gåande og syklande spare mykje tid ved forflytting mellom øst og vest for Storelva.

Det var ei midlertidig gangbru over Storelva tidlegare, men denne ble fjerna i 2023. Kvaliteten på brua var ikkje god nok som permanent løysing. 

Etablering av bru, kombinert med gang- og sykkelveg i Lakslia, vil gje eit samanhengande nett for mjuke trafikantar på begge sider av elva.