Bergen kommune, Årstad
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Kostnad: 39,9 mill. kroner
- Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
- Status: Planleggingsfasen
Prosjektet vil leggje til rette for syklistar i Wiers-Jenssens veg frå Nattlandsvegen og ned til Sletten senter/kryss ved Hagerups veg.
Tiltaket gjer at reisevegen for syklande vert redusert med ein kilometer mellom Nattlandsvegen og Sletten senter. Syklistar må i dag bruke kjørebanen, der det er redusert sikt på grunn av parkerte bilar langs strekket, eller sykle på smalt fortau.
Forventa reisetid i retning aust-vest (frå Nattlandsveien til Hagerupsvei) vil bli redusert frå fem til eitt minutt med dette tiltaket.
Nærleiken til Sletten senter og bybanen linje 1 medfører at Bergen kommune forventar auka bruk av andre transportmiddel, i hovudsak sykkel.
Eige tilbod for syklistar aukar attraktiviteten/trafikktryggleiken og kan bidra til at fleire vel å sykle.