Øygarden kommune
- Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Status: Utbyggingsfasen
Formålet med dette prosjektet er å oppgradere Grønamyrvegen frå veg til gatestruktur med større fokus på gåande og syklande.
Dagens løysing vert vurdert som utfordrande når det gjeld trafikktryggleiken, spesielt for gåande og syklande. Gata er og vil bli sentral for varelevering og gjennomgangstrafikk. Tiltaket inngår i ei heilskapleg utvikling av gatenettet for indre kjerne av regionsenteret Straume.
Det er behov for oppstramming av vegkropp og fortau, som kan gi betre trafikktryggleik og avvikling for trafikk inn/ut av sentrumsområdet og bustader. Det trengs også tilrettelegging og tilkobling til tilgrensande gatetun.
Grønamyrvegen fører gåande og syklande til kollektivterminalen i nord, og vil etter Sotrasambandet er ferdigstillt henge saman med gang- og sykkelsystemet inn mot ny terminal og ny vidaregåande skule i nord. Gata utgjer vidare ein viktig del av aksen nord-sør som koplar skule - og idrettsområde (Sotra Arena) med kollektivterminalen.
Lokalt er prioritering av Grønamyrvegen gjort med tanke på at det er avgjerande å styrke tilhøva for gåande og syklande i regionsenteret før anleggsfasen for Sotrasambandet tek til for fullt.