Gang- og sykkelveg Ytre Arna–Breistein

Bergen kommune, Arna

  • Tiltaksområde: Gange, Sykkel
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Kostnad: 15 mill. kroner
  • Finansieringskilde: Statlige belønningsmidler
  • Status: Planleggingsfasen

Her vil ein byggje ein veg for fotgjengarar og syklistar for å kople saman Ytre Arna med Breistein/Haukås.

Det vil mellom anna kunne gje innbyggjarane i Ytre Arna tilgang med sykkel til idrettsanlegg og skule på Haukås.

Alternativet for gåande og syklande i dag er svært langt og trafikkert. Den nye vegen vil gje moglegheit til å bytte ut bilen med sykkel.

Traséen vil óg kunne bli ein svært verdifull turveg for innbyggjarane på begge sider. Turmoglegheita i Ytre Arna er avgrensa i dag dersom ein ikkje vil gå langs trafikert veg eller på fjellet.

Finansiering til planlegging av prosjektet er prioritert i handlingsprogram 2024–2027. Byggeprosjektet er førebels ikkje prioritert.