Fv. 585 Nattlandsveien, Birkelundtoppen–Hagerupsvei, nord

Bergen kommune, Årstad

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler, Statlige programområdemidler
  • Status: Planleggingsfasen
  • Ferdig: Tentativ gjennomføringsplan: Reguleringsplan: 2022–2024. Prosjektering: 2025. Oppstart bygging: Tidlegast frå 2026.

Prosjektet gjeld oppgradering av fv. 585 Nattlandsveien frå Hagerups vei til Mannsverk (truleg inkludert krysset med Wier-Jenssens vei). Oppgraderinga gjeld heile gata, med sykkelfelt, fortau og mogleg kollektivfelt frå Landåstorget til Hagerups vei. Strekninga er omlag 900 m, og er første etappe av utbygging i Nattlandveien. For å få eit einsarta system for syklande er det viktig å få planlagt heile strekninga til Birkelundstoppen samla, og dette arbeidet pågår.

Prosjektet inkluderer også sykkelfelt langs Hagerups vei frå Nattlandsveien til Birkeveien.

Nattlandsveien har høg trafikk og er ei viktig kollektivåre, men
tilbodet til mjuke trafikantar er svært variabelt og mangelfullt.
Strekninga er ulukkesutsett, og framstår ikkje som attraktivt for mjuke trafikantar. Bussane på strekninga blir forseinka av kø, særleg inn mot lyskrysset ved Hagerups vei. Kollektivhaldeplassane på strekninga ligg tett, og fleire har behov for utbetring og eventuell ny lokalisering.

Det ferdige tiltaket vil gi betre samanheng i gang- og sykkeltilbodet i Nattlandsveien frå søndre delar av Bergensdalen. Det vil også gi betre framkome og  og innkorta køyretid for kollektivtrafikken på strekninga.

Tiltaket bygger opp rundt sentral arealutvikling i Bergensdalen og utvikling av busetnaden i søndre del av Nattlandsveien, Mannsverk og Landås. Strekninga ligg innanfor ytre fortettingssone og byfortettingssone i KPA (kommuneplanens arealdel). Den ligg som utbyggingsfase 1 i sykkelstrategi for Bergen, med høgt potensiale for syklande (rundt 1000 pr døgn).

Foto: Google Streetview