Bjørnafjorden kommune
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Kostnad: 168,3 mill. kroner
- Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
- Status: Utbyggingsfasen
Prosjektet gjeld etablering av trafikksikker gang- og sykkelløysing langs Hatvikvegen.
Bebuarane langs Hatvikvegen (Solstrand og Bø og Midtbø) har i dag ingen fortau eller gang- og sykkelveg mellom heim og skule/barnehage eller heim og jobb på Osøyro. Det er ikkje mogleg å gå eller sykle til næraste busstopp utan å bevege seg i køyrefeltet for bilane på Hatvikvegen.
Etablering av ei trygg løysing for gåande og syklande vil av den grunn redusere dagens kortdistansetransport med personbil og leggje til rette for at bebuarar kan velgje sykkel, gange og kollektivtransport framfor personbil.
Eit sentralt føremål med prosjektet er at trafikksikker gang- og sykkelløysing er naudsynt for å kunne starte utbygging på Bjåneshalvøya, som er regulert med eit potensiale for 1000-1500 nye bueiningar.
Gang- og sykkelløysing langs Hatvikvegen
Visualiseringane gir eit inntrykk av korleis gang- og sykkelløysinga langs Hatvikvegen vil bli.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.
Foto øvst i sak: Google Streetview / norgeskart.no