Fv5452 Leknesvegen

Alver kommune

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel, Kollektiv
  • Status: Planleggingsfasen

Dette prosjektet gjeld ei strekning på ca 200 m på Fv. 5452 Leknesvegen. Her skal ein etablere ny og trafikksikker infrastruktur med fortau og avkjørselssanering mellom eksisterande fortau og fram til krysset til Hillesvåg.

Dette er i dag ein smal strekning der manglande fortau fører til at mange ungar ikkje får lov til å gå eller sykle.

Gjennom prosjektet vil ein binde saman eksisterande fortau frå skulen med eksisterande kollektivknutepunkt, samt med bustadområde nord for knutepunktet, mot Kleivdalsvegen og Apalen.  

Tiltaket vil også gjere det meir attraktivt å reise kollektivt, då det blir ein trygg tilkomst til/frå kollektivknutepunktet. Det er nokre bustader tett opp til fylkesvegen. For desse vil redusert biltrafikk føre til mindre støy og forurensing.

Foto: Google Streetview

 

 

,