Fv5452 Hillesvåg–Apalen, etablering av G/S-veg

Alver kommune

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Status: Planleggingsfasen

I dette prosjektet skal det byggast ny gang- og sykkelveg frå Hillesvåg til Apalen. Dette er ein smal og særleg trafikkfarleg skuleveg som i dag er heilt utan tilbod til mjuke trafikantar. Vegstrekket på ca 0,6 km er også del av omkøyring for E39.

Vegstrekket ligg mellom bustadområda i Apalen og Leknes barneskole. Skulen har idretts- og fritidssenter og er ellers senter for aktiviteter i Leknes-bygda. På grunn av den låge standarden for gåande og syklende langs vegen, er det stor transport av barn i privatbilar til og frå skulen.

Gjennom å bygge ut eit trafikksikkert tilbod på strekninga er målet å få auke talet på gåande  og syklende, og å betre forholda for kollektivreisande.

Desse gruppene vil få eit meir attraktivt, trafikksikkert og effektivt tilbod, både til og frå skule og til og frå lokalt kollektivknutepunkt ved E39. Mange vil også kunne sykle langs strekninga til og frå både nærbutikk og badeplass på Hjelmås.

Foto: Google Streetview