Fv5348 Klostergaten, gateopprusting

Bergen kommune, Bergenhus

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Kostnad: 28,6 mill. kroner
  • Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
  • Status: Planleggingsfasen

Strekninga Klostergaten og Markeveien ned til Christian Michelsensgate skal rustast opp for å prioritere mjuke trafikantar i sentrum. I dag er det smale fortau og mykje parkering i gata som gjer området lite universelt utforma.

Strekninga er om lag 350 meter lang. Situasjonen er verst i Klostergaten, og her må heile gata (200 meter) bli rusta opp. I Markeveien (150 meter) skal ein gjere enklare tiltak utan full gateopprusting for å gjere framkomsten betre for mjuke trafikantar. 

Aktuelle tiltak er rullevennleg dekke for syklande i gata, oppstramming av kryss, og elles mindre endringar for å forbetre universell utforming på fortau og i gangfelt. 

 

Bilde: Google Streetview