Askøy kommune
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Kostnad: 31,4 mill. kroner
- Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
- Status: Planleggingsfasen
Med dette prosjektet vil ein etablere gang- og sykkelveg i Nordre Hauglandsveg, om lag 400 meter frå Kjerrgardskrysset.
Her manglar det løysing for mjuke trafikantar i dag, og strekningen er definert som farleg skoleveg. Tiltaket vil dermed gje betre trafikksikkerheit. Busstopp nær strekninga vil og få betre gangtilkomst.
Vegen vil koplast på eksisterande gang- og sykkelveg i Norde Hauglandsveg og planlagt gang- og sykkelveg langs Kjerregardsvegen. Dette vil bidra til eit heilskapeleg nettverk for mjuke trafikantar innanfor sykkelsonen til Fromeide lokalsenter.
Foto: Google Streetview / norgeskart.no