Bergen kommune, Laksevåg
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Kostnad: 47,6 mill. kroner
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
Prosjektet vil etablere eit betre tilbod til mjuke trafikantar langs Kjøkkelvikveien mellom Kjøkkelvik skole og Fæsterhuset. Haldeplassar for buss skal også oppgraderast på strekninga.
Strekninga har delvis fortau og gang- og sykkelveg i dag, men dagens tilbod er av varierande kvalitet. Situasjonen rundt skulen er også utrygg, då det ligg skule på begge sider av Kjøkkelvikvegen.
Hovudmålet er å sikre trygg skuleveg og trygge tilhøve kring skuleområdet (løysingar for kryssing av fylkesveg mm.), ved å etablere samanhengande og eintydig tilbod til mjuke trafikantar, og å sikre universell utforming av haldeplassar for buss.
I tillegg blir det lagt til rette for å føre vassleidning i sjø til Kjøkkelvika.
Konkret kva løysing som skal byggast og utstrekning blir avklart gjennom pågåande reguleringsplanarbeid. Strekninga er om lag 2 kilometer.
Strekninga ligg i utbyggingsfase 2 i Sykkelstrategi for Bergen. Potensialet for syklande i døgnet er om lag 300 langs det meste av strekninga.
Foto: Google Streetview