
Bergen kommune, Fana
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
Søylen Sundsbrua på Hardangervegen ved Bratland camping i Bergen har snart nådd si estimerte levetid (2030) og har større skader.
I prosjektet skal det byggast ei ny bru, som også inkluderer tilbod for gåande og syklande. Dagens bru har ikkje tilbod til desse trafikantane. Strekninga er ein del av det definerte sykkelnettet i Bergen kommune, og ligg i utbyggingsfase 2 i Sykkelstrategi for Bergen (2020–2030). Sykkelpotensialet for strekninga ligg noko under 100 syklande per døgn.
Ny bru vil sikre at kollektivtrafikk og øvrig transport kjem fram på strekninga, og gjere omkjøringsvegnettet i Bergen mindre sårbart.
Prosjektet blir finansiert som del av den fylkeskommunale vedlikeholdspotten, og står derfor ikkje med ei eiga linje i handlingsprogram 2023–2026
Foto: Google Streetview