Fv. 587 Planlegging av tunnel bak Grimesvingane

Bergen kommune, Fana

  • Tiltaksområde: Annet, Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
  • Status: Planleggingsfasen

Fv. 587 Hardangervegen, langs Grimevatnet, er eit problemområde for trafikksystemet i Bergen. Det er store behov for utbetringar, og gjennomførte utgreiingar viser at det er behov for å bygge ein tunnel bak Grimesvingane for å utbetre situasjonen. Det vil også gje betre og trafikksikre tilhøve for mjuke trafikantar på strekninga.

I dag er fv. 587 ei av to hovudinnfartsårer frå aust til Bergen sentrum og Bergen sør. I tillegg til å vere hovudinnfartsåre har fylkesvegen i dag ein viktig lokal funksjon, den bind saman arbeidsplassar, bustader, butikkar og skule langs strekninga. Strekninga har både trafikksikringsutfordringar og dårleg framkome.

Ved gjennomføring av planen vil vi få etablert eit heilt nytt tilbod for mjuke trafikantar på ei strekning der det i dag manglar tilbod. Det går ein buss i rute på strekninga, og denne vil få betra framkome.

Kostnadene blir dekka innanfor posten planlegging fylkesveg i Bergen, og tiltaket står difor ikkje med ei eiga linje i handlingsprogram 2023–2026.

Det ligg per september 2023 føre eit ferdig forprosjekt. Fylkeskommunen har ikkje teke formell stilling til vegen vidare etter at forprosjektet er avslutta.  

Foto: Google Streetview