Bergen kommune, Laksevåg
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
I prosjektet ligg det bygging av sykkelveg med fortau mellom Bjørndalsbrotet og Lyderhornsveien. Strekninga er på ca. 1 kilometer (utbyggingsfase 1). Tiltaket krev at vegen blir opprusta og delvis forskyvd. Det omfattar også oppgradering av busshaldeplassane på strekninga. Det er regulert busslommer, men det kan vere aktuelt å vurdere utforming som kantstopp.
Det planlagte tiltaket skal gi betre og tryggare framkomst for mjuke trafikantar på strekninga. Den har i dag variabel standard som vekslar mellom smale fortau og blanda gs-veg skilt frå vegbana med betongrekkverk (svelvikellipse).
Tiltaket vil gi ein betre samanheng i gang- og sykkeltilbodet i Bjørgeveien ved at strekninga med dårlegast standard vert utbedra. Ein bind då saman Bergen vest betre med Fyllingsdalen og Bergen sør. Områda ved Bjørndalsstølen får betre tilbod for mjuke trafikantar mot bydelssenter i Loddefjord.
Tiltaket bygger opp rundt sentral arealutvikling i Laksevåg og Fyllingsdalen bydel og vil kunne bidra til reduksjon i antall bilreiser på grunn av tiltaket sin nærleik til funksjonar og bustader.
Sykkelpotensialet for denne nordre delen av Bjørgevegen er om lag 330 syklande per døgn. Strekninga er definert som sykkelrute i Sykkelstrategi for Bergen kommune (2020–2030), og ligg i utbyggingsfase 1. Strekninga ligger innanfor ytre fortettingsone og byfortettingssone i KPA (kommuneplanens arealdel).
I handlingsprogram 2023–2026 er det prioritert 1 million kroner til å utgreie om prosjektet kan gjennomførast med konsept som er mindre kostnadskrevjande og arealkrevjande enn kva som førebels er lagt opp til i planarbeidet.
Prosjektet er ikkje prioritert med midlar i handlingsprogram
2024-2027. Det blir gjort ei prosjektoptimalisering for å finne gode og mindre kostnadskrevjande løysingar. Prosjektet blir vurdert på ny ved
neste rullering.
Foto: Google Streetview