Alver kommune
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Status: Ferdigstilt
- Ferdig: 2023
Prosjektet i Kvamsbrekko er ei utbetring av fylkesveg 5476 Skarsvegen på strekninga mellom Kvamme og Kvamsvågen.
Prosjektet vil gje eit heilt nytt tilbod til mjuke trafikantar på strekninga, samtidig som kollektivtafikk og næringstransport vil komme seg lettare fram.
Dette har vore ei smal og trafikkfårleg strekning, som no blir utvida med fortau og meir trafikksikre avkøyringar. Vegbana blir og utvida.
Det blir også bygd kantstopp for buss. Fortau vert bygd på austsida av fylkesvegen. På vestsida av fylkesvegen vert det fortau i tilknyting til kantstopp. Det vert også lagt trekkjerøyr for BKK på heile strekninga.
Arbeidsområdet omfattar ei strekning på ca. 580 meter. Store delar av vegstrekninga går i eit sidebratt terreng, der eksisterande veg ligg tett opp til bustadhus.
Byggearbeidet starta på nyåret 2022, og vart ferdig juni 2023. Her kan du lese om opninga av nye Kvamsbrekko.