Fv. 5474 Seim

Alver kommune

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Status: Planleggingsfasen

Dette prosjektet gjeld ei strekning på ca. 700 meter frå Seim skule til og med kryss til kommunal veg 1109 Fureberget. Her skal ein etablere ny trafikksikker infrastruktur med fortau, busshaldeplassar og sanering av avkøyrsler.

Formålet med prosjektet er å sikre samanhengande og trafikktrygt tilbod for mjuke trafikantar gjennom bygda. Det vil også gje tryggare tilhøve for andre trafikantar ved at det blir færre og betre regulerte avkøyrsler. Dette gjeld særleg ved butikken som ligg om lag midt på strekninga.

Dagens vegstrekning har låg standard mellom skuleområde og kollektivterminal/bustadområde. Manglande fortau fører til at mange ungar ikkje får lov til å gå eller sykle. Også eldre kvir seg til å gå langs denne vegen. På grunn av den låge standarden, er det stor transport av born i privatbilar til og frå skule.

Ved å få samanhengande fortau gjennom bygda vil det bli meir attraktivt å gå eller sykle til/frå skule, men også mellom dei ulike bustadområde på Seim.

Når prosjektet er ferdig, vil det berre mangle nokre få hundre meter med gangveg for å ha samanhengande lokalveg og gang-/sykkelveg heilt til Knarvik.

Ved at fleire vil gå og sykle, vil også biltrafikken gå ned. Det er nokre bustadar som ligg tett opp til fylkesvegen. For desse vil redusert biltrafikk føre til mindre støy og luftforurensing.

Foto: Google Streetview