Alver kommune
- Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Innfartsparkering, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Status: Planleggingsfasen
Gjennom prosjektet skal ein etablere ca. 350 meter gang- og sykkelveg langs den bratte fylkesvegen mellom Ostereidet senter og kommunal veg til Ostereidet skule. Strekninga er i dag eit «missing link» og eit særleg trafikkfarleg strekk på skulevegen i området.
På grunn av den låge standarden for gåande og syklande langs vegen, er det stor og unødvendig transport her av både barn og vaksne i privatbilar. Prosjektet vil redusere dette vesentleg.
Målet er både å auke andelen gåande og syklande og å betre forholda for kollektivreisande. Prosjektet fører til langt enklare og sikrare tilkomst for gåande og syklande mellom bustadområde, skule, idrettsområde, kyrkje og bussterminal/ senterområde.
Prosjektet bygger opp om Ostereidet senter som eit autonomt senter i kommunen.
Foto: Google Streetview