Bergen kommune, Årstad
- Tiltaksområde: Gange, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
- Ferdig: Tentativ gjennomføringsplan: Utarbeiding av byggeplan: 2022. Bygging: 2023-2024.
Tiltaket omfattar oppgradering av Hagerups vei, gata mellom Birkeveien og Vilhelm Bjerknes’ vei. Ulike løysingar for å betre situasjonen for mjuke trafikantar blir vurdert. Tiltaket føreset fjerning av gateparkering i gata. Alternative fartsreduserande tiltak blir også vurdert for å unngå køyring i sykkelfelta. Tiltaket inkluderer dessutan oppgradering av holdeplassar og oppstramming av kryss.
Tiltaket skal gi eit meir attraktivt og trafikksikkert tilbod til syklande, samstundes som det gir betre trafikktryggleik for alle trafikantgrupper. Strekninga er ei viktig rute for alle trafikantgrupper. I dag er det prega av kompromissløysingar og mykje gateparkering.
Tiltaket vil gi betre samanheng i sykkeltilbodet i Hagerups vei, som
er ei viktig strekning i Bergensdalen for å kople saman rutene langs Nattlandsveien, Storetveitveien og ruta mot den nye Kronstadtunnelen. Tiltaket bygger opp rundt sentral arealutvikling i Bergensdalen og utvikling av busetnaden mellom Nattlandsveien, Sletten og Storetveitvegen. Strekninga har middels høgt potensiale for syklande (300-600 syklande pr døgn), på grunn av tiltaket sin nærleik til funksjonar og bustadar.
Langhaugen vidaregåande skule ligg langs strekninga og strekninga er innanfor byfortettingssone i KPA (kommunplanens arealdel).
Foto: Google Streetview