Øygarden kommune
- Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Kollektiv, Sykkel
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Status: Planleggingsfasen
Prosjektet gjeld utarbeiding av ein reguleringsplan for å regulere (kollektivterminal) miljøgate og innfartsparkering i sentrum av Ågotnes. Det er regulert ny fylkesveg gjennom Ågotnes, i samband med denne planen blir dagens terminal berørt. Ny løysing for terminal vert drøfta i kvalitetsprogram for Ågotnes, og kommunen er i dialog med Skyss og fylkeskommunen vedrørande denne problemstillinga. Innfartsparkering på Ågotnes er ei knapp ressurs i dag, og det er behov for å auke kapasiteten.
Miljøgate inkluderer gang- og sykkeltrase for å styrke forbindingane mellom aust (Kårtveitpollen) og vest (Kvednatunet) på Ågotnes. Miljølokk over ny fylkesveg vil inngå i prosjektet, og vera kobla til miljøgata. Dagens løysing vert vurdert som utfordrande for trafikktryggleiken spesielt for gåande og syklande. Målet er å koble bustadområda Angeltveit/Landro, Valderhaug, Maggevarden og Ågotnes torg betre opp mot kollektivknutepunktet.
I tillegg er det eit mål å auke mobilitet for syklande og gåande internt i Ågotnesområdet, med offentlege tenester som skule, barnehage, handel og helse- og omsorgstenester. Miljøgata skal betjene intern/lokaltrafikk og kollektivtrafikk gjennom Ågotnes. Reguleringa legg grunnlag for nye tiltak i Miljøløftet, som gang/sykkel, innfartsparkering og mogleg nytt kollektivknutepunkt.
Prosjektet bidreg til å auke framkommelegheit for gåande og syklande inn mot kollektivknutepunktet. Prosjektet skal og bidra til å auke moglegheita for at dei som bur utanfor gang/sykkel avstand til Ågotnes skal kunne parkere bil her, og bruke kollektivtransport vidare mot regionsenter/ Bergen.
Prosjektet vil bidra til betre trafikktryggleik i Ågotnes sentrum. Miljøgata vert ei sentral gate for elevar ved Ågotnes barneskule og Tranevågen ungdomsskule. Prosjektet vil bidra til å leggje til rette for ei høgare arealutnytting i sentrumsområda på Ågotnes, og legge til rette for at fortettinga på Ågotnes vert knytt til kollektivknutepunktet, og dermed redusere transportbehovet med bil i området. Ågotnes ligg som eit prioritert sentrumsområde med høg utnytting. Ågotnes er i dag eit kollektivknutepunkt for Skyss, og det er god kollektivdekning.