Fv. 5190 Apeltunvegen

Bergen kommune, Fana

  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Kostnad: 47,1 mill. kroner
  • Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
  • Status: Planleggingsfasen
  • Ferdig: Oppstart prosjektering 2023, gjennomføring frå 2023/2024.

Apeltunvegen har i dag for dårleg tilbod til mjuke trafikantar, og trafikktryggleiken er ikkje godt nok ivareteke. Det er stort press på utbygging i området, og planar om fortetting. Gata treng forbetringar av dagens tilbod.

Målet med prosjektet er å betre tryggleiken og framkomsten for gåande (og delvis syklande), og å gjere det meir attraktivt å vere mjuke trafikantar i området. Strekninga er på 1,8 kilometer. 

Gjennom ulike strakstiltak skal ein betre tilhøva for mjuke trafikantar (særskilt gåande). Tiltak som er aktuelle er vurdering av fartsgrense, belysning, oppgradere kryssingspunkt og fortau, utbetresikt, skilting og utforming av avkøyrsler og kryss der det er mogleg utan reguleringsplan.

Prosjektet legg til rette for at fleire vil gå langs og på tvers av strekninga i og med at det vert auka trafikktryggleik og attraktivitet for gåande.

Sjølv om det ikkje vert etablert eit eige tilbod for syklistar, vert det lagt til rette for at det kan syklast trygt på fortau. Det er antatt at tiltaket vil auke talet på gåande og syklande. Strekninga har eit sykkelpotensiale på 160-600 syklande per døgn. Potensialet er høgast nærare Skjoldskiftet.

Foto: Google Streetview