Bildøyvegen/Straumsundet bru

Øygarden kommune

  • Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
  • Status: Planleggingsfasen

Prosjektet strekkjer seg frå kryss mot Bildøy bru til Straumsundet bru, samla ei strekning på omlag 1,4 km. 

Vegen ligg tett på Straume sentrum og er den naturlege vegen til/frå sentrum for dei som bur på Bildøy. Barn som bur på Bildøy går i dag på Kolltveit barneskule, medan ungdomsskulen ligg sentralt midt på Bildøy. Grunna manglande tilbod for gåande/syklande har skuleborn frå 1-7 klasse som bur på søre Bildøy og går på Kolltveit barneskule, tilbod om gratis skuleskyss til skulen i vintersesongen.

Når Sotrasambandet står ferdig vil Bildøy ha nye tilbod til gåande og syklande. Desse løysingane er ikkje knytta saman til Bildøyvegen og gåande syklande som vil nytte denne vil framleis ikkje ha eit fullverdig tilbod. Øygarden kommune planleggjer å erstatta dagens Fjell ungdomsskule med ein ny skule sentralt på Bildøy. I denne samanhengen vil ein sjå på moglege snarvegar frå Bildøyvegen inn mot skuleområdet.

Inspeksjonsrapportar viser at Gamle Straumsundet bru må oppgraderast som ein del av prosjektet. Brua har tredekke og ikkje separat tilbod for mjuke trafikantar. 

Foto: Google Streetview