Slik var Mobilitetsveka 2023

Den 16.–22. september vart Mobilitetsveka arrangert, med program i alle Miljøløftet-kommunane. Bilfri dag, sykkelshow, torgdag, lunsjseminar, gratis sykkelservice og filmvisning var mellom det som sto på programmet.

Årets tema for Mobilitetsveka var Spar energi. Vi ville vise korleis ein kan bruke beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spare energi og få ein grønare reisekvardag.

Oppstart med Bilfri dag

Laurdag 16. september starta det heile med Bilfri dag i Bergen sentrum. Bilane fekk ein pause, og i staden vart gatene fylt med folkeliv: Aktivitetsløype for barn og konsert med Christine Sandtorv i Vaskerelven. Skiløype med DNS, sykkelservice og museumstrikk på Engen. Loppemarknad og smoothiesyklar i Veiten. Og dessutan eit spektakulært sykkel- og parkourshow på Torgallmenningen. 

Måndag tok MOOW med seg sykkelshowet til Øygarden, til Spildepollen sykkelpark og til Fjordparken på Rong. Her var det show for skuleelevar, ordføraren var på plass, og elevane kunne få gratis service på sykkelen. 

Kollektivdag 

Tysdag var det kollektivdag, med utdelingar til reisande på Loddefjord terminal og Kristianborg. Samme dag arrangerte Miljøløftet og Skyss eit lunsjseminar på Kulturhuset i Bergen, med berekraft, samkøyring og bestillingstenester som tema. Seminaret vart også streama. Her kan du lese meir og sjå seminaret i opptak. 

Under seminaret  vart det nye pilotprosjektet for samkøyring i Askøy og Øygarden lansert. Samkøyringsprosjektet starta som eit Miljøløftet-prosjekt, og er blitt utvikla i samarbeid med Skyss og nabogo. Her kan du last ned appen frå nabogo og teste ut samkøyring sjølv. 

Tysdagen vart det også arrangert ein guida sykkeltur gjennom Fyllingsdalstunnelen, og langs resten av sykkelvegen mellom Bergen sentrum og Fyllingsdalen. 

Skulebesøk og sykkelshow 

Onsdag heldt Mobilitetsveka fram i Bjørnafjorden, med sykkelshow på Fusa ungdomsskule, og med sykkelshow og gratis sykkelservice på Osøyro. Torsdag var det Alver sin tur, med sykkelshow på Manger skule, og med torgdag på Frekhaug, der både skulemusikk  og lokalmatleverandørar deltok, i tillegg til sykkelshow og sykkelservice. 

Torsdag var det pizza og film, med visning av den nederlandske filmen «Why we cycle» på Bymiljøetaten i Bergen kommune. 

Fredag vart Mobilitetsveka avslutta på Askøy, med sykkelshow på Fauskanger skule, og sykkelshow og sykkelservice på Kleppestø senter. 

Om europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. I 2023 deltok 3351 byar og tettstadar i 44 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke

Foto i toppen: Thor Brødreskift 

 

Les mer om