Mobilitetsveka 2022: Takk for i år!

Takk til alle som sykla, gjekk, tok buss, båt eller bane og var med på arrangementa under europeisk mobilitetsveke 16–22. september! Her er nokre glimt frå alt som skjedde rundt om i Miljøløftet-kommunane.

Temaet for årets mobilitetsveke var "Betre forbindelsar". Vi ville vise korleis transportmidla heng saman, sykkel, sparkesykkel, buss, bane, båt og gange, og korleis du kan kombinere dei i ein grønare reisekvardag.

På programmet sto  spektakulære sykkelshow med MOOW, trialløyper for barn, fiks sykkelen sjølv-kurs og sykkelservice  rundt om i kommunane, i tillegg til mykje anna. 

På Askøy var det skatekurs med Askøy rulleklubb. I Øygarden var det stor aktivitetsdag i pumptrack-løypa i Spildepollen sykkelpark, i tillegg til sykkelshow. I Bjørnafjorden delte både ordførar og varaordførar ut bollar i Os sentrum. I Alver var det torgdag med skulemusikk og matservering. Og i Bergen var det bilfri dag, med aktivitetar for små og store.

Vêret varierte, frå strålande sol i Øygarden på måndag til regn og kuling i Alver på torsdag. Men oppmøtet og humøret var godt likevel. Nedst i biletkarusellen kan du sjå glimt frå alt som skjedde. 

Om europeisk mobilitetsveke 

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. I år deltok 2966 byar og tettstadar i 49 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport.

Biletet øverst: Mobilitetsvekearrangement i Spildepollen Sykkelpark, Øygarden. Foto: Gaute Ulltang/MOOW