Mobilitetsveka 2021

Torsdag 16. september går startskotet for mobilitetsveka 2021! Det blir arrangerte fleire miljøvennlege og spennande aktivitetar i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Mobilitetsveka er ein del av Europeisk mobilitetsveke, og i år er temaet korleis aktiv mobilitet og berekraftig transport bidreg til betre folkehelse. Det inkluderer gåing, sykkel og andre miljøvennlege alternativ. I løpet av veka blir det arrangert fleire spennande aktivitetar kvar dag, både for store og små, på ulike lokasjonar i Bergensområdet.

Gjennom aktivitetar og konkurransar kan du vinne flotte premiar frå Miljøløftet. Det vil samstundes bli delt ut gåvepose til dei som kjem innom stasjonane våre. Kanskje finn du noko spennande i den? 

Stemningsrapport på Facebook og Instagram

Du kan følgje med på kva som skjer under årets mobilitetsveke på Miljøløftets sine sider på Facebook og Instagram. Her blir det lagt ut oppdateringar om kva som skjer der du bur. 

Vi ønskjer deg ei sunn og aktiv veke, som gjer godt for både deg sjølv og miljøet! Merk gjerne bileta du legg ut med emneknaggane #miljøløftet, #halddegfrisk, #mobilitetsuken og #mobilityweek på Facebook og Instagram.

Om europeisk mobilitetsveke 

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. Meir enn 2300 byer og tettstader deltok i 2020. Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Temaet for året er korleis aktiv mobilitet og berekraftig transport bidreg til betre folkehelse, med mottoet «Hald deg frisk, gjer turen miljøvennleg».

Den europeiske mobilitetsveka har valt årets tema som ei påminning om kor viktig det er å halde kroppen i gang, både for kropp, hjerne og miljø. Spesielt i ei krevjande tid med pandemien som har prega verda.