Miljøløftet i Bjørnafjorden kommune

Gang- og sykkeltiltak langs Hatvikvegen og Idrettsvegen er mellom prosjekta som ligg inne med finansiering i handlingsprogram for 2022–25. Vidare er det løyvd pengar til regulerings- og planarbeid for fleire nye tiltak.

Gjennom byvekstavtalen er Bjørnafjorden sikra 275 millionar kroner til programområdetiltak og 22,9 millionar kroner i belønningsmidlar i perioden 2019-2029. Midlane er oppgitt i 2020-kroner og blir indeksregulerte. Byvekstavtalen sikrar også ekstra belønningsmidlar til Skyss (drift av kollektivtrafikk) som går til ruteproduksjon i heile avtaleområdet.

Prosjekt med finansiering i handlingsprogram 2022–2025

Fv552: Gang- og sykkelveg som ein del av utbetringa av Hatvikvegen
Hatvikvegen skal rustast opp og utvidast. Som del av dette vegprosjektet inngår det utbygging av ei funksjonell, trafikk­sikker og attraktiv gang- og sykkelløysing. Bebuarane langs Hatvikvegen har i dag ingen fortau eller gang- og sykkelveg mel­lom heim og skule/barnehage eller jobb. Det er ikkje mogleg å gå eller sykle til næraste busstopp utan å bevege seg i køyrefeltet for bilane på Hatvikvegen. Etablering av ei trygg gang- og sykkelløy­sing vil redusere dagens kortdistansekøyring med personbil og leggje til rette for at framtidige bebuarar i utbyggingsprosjektet på Bjånes òg kan velje sykkel, gange og kollektiv­transport framfor personbil.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 12,3 mill. kr.

Kv1027: Fortau langs Gymnasvegen
Formålet med prosjektet er å bygge samanhengande fortau frå gymnaset og bar­nehagen bort til Idrettsvegen og nærbutikken. Ved å auke trafikktryggleiken inn mot barnehage og skule vil ein venteleg kunne sjå ei redusert mengde skuleskyss med privatbil.

At born og unge kan begynne å gå og sykle trygt til skule og barnehage vil dermed ha ein utsleppskutt av klimagassar frå personbiltrafikk som direkte følgje. Oppstuing av trafikk inn Gymnasvegen og kø ut på Byvegen (E39), med lokal luftforureining i skule- og barnehageområdet, vil verte redusert. Tra­fikktryggleiken vil også styrkast vesentleg med eit fortau ut til Idrettsvegen, primært for borna i barnehagen her.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 1,1 mill. kr.

Fv5150 Fotgjengarovergang på Særvoll
Formålet med prosjektet er å kople saman dei to fortaua som ligg på kvar si side av Lepsøyvegen fram til Særvollsvegen. Langs Lepsøyvegen er det fortau på vestsida av vegen ca 2/3 av strekninga mellom Trolldalen og Grindevoll. I Særvollkrysset skiftar fortauet side av vegen, men utan at det er etablert fotgjen­garovergang her. Grunna usikra skuleveg vert mange barn i dag køyrt av foreldra til og frå skulen med personbil. Med ny overgang vil barn og unge som har denne strekninga som skule­veg kunne sjølv gå eller sykle til skule og fritidsarenaer.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 50 000 kr.

Fv5150 Lepsøyvegen (Trolldalen) - trygg gang- og sykkelløysing et­ter differensiert standard
Prosjektet gjeld bygging av gang- og sykkelfelt samt overgang i Trolldalen langs Lepsøyvegen. Det skal byggast iht. godkjent reguleringsplan med differensiert standard, jf. VLFK rapport, ”Differensiert standard for gåande og syklande” (2020). Eit trygt gang- sykkeltilbod i Trolldalen vil redusere behovet for skuleskyss med privatbil og flytte persontransport over på sykkel og gange.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 4,5 mill. kr.

Kv1128 GS-løysing langs Nilsavegen (del av Nilsavegen– Lepsøyvegen/Trolldalen)
Prosjektet er eit gang- og sykkel-anlegg langs ein kort, men farleg, del av Nilsavegen. Anlegget vil bli kobla på gang og sykkelveg-løysinga som samstundes skal byggjast langs Lepsøyvegen (Trolldalen). Prosjektet vil kunne løyse ut eit betydeleg potensiale av gåande og syklande barn og unge. Det planlagde fortauet, som òg vil tilby syklande eit sikkert areal, vil gjere at barn og unge frå heile Lekven og Kuvågen kan gå og sykle trygt til sine daglege gjeremål.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 250 000 kr.

Planprosjekt:

E39 Søfteland: Ny veglinje og gang- og sykkelvegløysingar for E39, ”By­vegen”
Formålet med prosjektet er å få på plass ei detaljregulering av ny E39 gjennom Søfteland med tilhøyrande gang- og sykkelanlegg. Prosjektet vil bli vere eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og kommunen der ein vil søkje å finne gode løysingar på mellom anna finansiering og bygging av funksjonelle og trygge gang- og sykkel-løysingar.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 150 000 kroner.

Fv5158 Gang- og sykkel-løysing langs bilveg samt gang- og sykkelbru over Pøyla

Formålet med prosjektet er å legge til rette for at born og unge på eiga hand kan ta seg fram mellom heim og skule/idrettsanlegg, og ikkje som i dag, vere avhengig av å bli køyrt av foreldre. Det er regulert ferdig utbygging av GS-løysing og ny bru langs Sperrevikvegen og detaljprosjektering er starta. Arbeidet som her vert løyvd pengar til er å kvalitetssikre tekniske teikningar og kalkylar som skal leggjast til grunn for søknad om finansiering frå Miljøløftet i 2022.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 75 000 kr

Fv552 Detaljprosjektering av utkraging av Sentrumsbrua
Føremålet med prosjektet er å gjere det mogleg for gåande og syklande og passere kvarandre utan at nokon må ut i vegbana, slik dei må i dag. Denne løyvinga vil gå til detaljprosjektering og kostnadsberekning av utkraging av Sentrumsbrua for utviding av fortau og etablering av sykkelfelt.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 75 000 kr

GS-løysing mellom Lidarosgardane og Lyseparken
Føremålet med prosjektet er å leggje til rette for auka bruk av sykkel for kortdistanse persontrans­port, og slik redusere bruken av personbil. Denne søknaden spesielt gjeld finansiering av kvalitets­sikring av detaljprosjekteringa (tekniske teikningar) som vart gjort av plankonsulent (Multiconsult 2020).

Finansiering gjennom Miljøløftet: 50 000 kr.

Mulegheitsstudie av GS-løysing Søfteland–Lyse­parken
Utgreiing og konseptvalstudie for gang- og sykkel-løysing mellom Søfteland og Lyseparken, som eventuelt kan vere grunnlag for seinare søknad om tilskot gjennom Miljøløftet.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 75 000 kr.

Fv552 Plassering, volumstudie og fleirbruk av ny kollektivterminal på Osøyro
Det skal byggjast ny kollektivterminal på og nytt terminalbygg inngår i den nye områdeplanen for sentrum. Det må gjerast eit konseptvalstudie knytt til plassering, utforming, fleirbruk m.v. Føremålet med prosjektet er å leggje til rette for den auka bruken av kollektivtransport som er venta gjennom i åra framover. Saumlaus korrespondanse mellom buss, hurtigbåt og ferje vert lagt til rette for på ein måte som skal sikre effektivitet i kollektivtilbodet.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 150 000 kr.

Fv552 Venteskur med toalett, Hatvik ferjekai
Dette er ei detaljprosjektering av oppvarma venteskur med toalett på Hatvik ferjekai. For å understøtte målet om færre personbilreiser må det i større grad leggast til rette for gode opplevingar for dei kollektivreisande. Eit oppvarma lokale med toalettfasilitetar vil bidra til dette. Det vil også gjere sitt til at fleire vil ta i bruk sykkel over ferjesambandet Hatvik-Venjaneset.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 150 000 kr.

Forprosjekt: Utprøving av ringbuss som konsept
Kollektivtilbodet mellom og Bergen vert opplevd som tilfredsstillande for dei reisande. Det er likevel store mangler ved tilbodet om busstransport inn mot stamlinja på Byvegen. Ein ringbuss (shuttle bus) som går i nærast kontinuerleg trafikk i ring inn mot sentrum vil gjere at eit stort tal av innbyggjarane i kommunen sine tett busette område (Moberg/Kuvågen/Lekven/Nore Neset/Ulven leir/ Kolskogen/Tøsdal) vil kunne velgje buss som transportmiddel for heile reisa si. Dette forprosjekt vil prøve ut eit slikt ringbusstilbod og kartleggje marknad og interesse.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 200 000 kr.

Konseptvalanalyse: Bjørnafjorden som regional kollektiv-HUB
Føremålet med prosjektet er å byggje og skalere opp ein infrastruktur på som gjer regionssenteret i stand til å takle dei store mengdene med kollektivreisande som er venta å reise gjennom sentrumsområdet i åra framover. Første fase i arbeidet er å utarbeide ein mulegheitsstudie/konseptvalsanalyse.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 100 000 kr.

Forstudie: Produksjons- og distribusjonssenter for hydrogen
Føremålet med prosjektet er gjere ei analyse av den samfunns- og bedriftsøkonomiske lønnsemda ved å etablere eit produksjons- og distribusjonsanlegg for hydrogen i Bjørnafjorden kommune.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 150 000 kr.

Berekraftig og attraktivt Os sentrum
Prosjektet er ein del av områdeplanen for Os sentrum. Føremålet med prosjektet er å gjere Osøyro til eit attraktivt regionssenter, med prinsippa om berekraft i botn som premiss for utviklinga. Fleire av undermåla er knytt til bilfritt sentrum og grønn mobilitet der ei sterk kollektivsatsing (ny kollektivterminal), sykkelparkeringsanlegg og utleige/utlån av elsyklar/el-sparkesyklar vil stå sentralt.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 225 000 kr.

Sykkelløysingar som del av knutepunkts-/sentrumsutvikling på Osøyro
Føremålet med prosjektet er å gjere sentrum tilgjengeleg for syklande på ein slik måte at sykkel vert eit føretrekt transportmiddel. I denne fasen av prosjektet vert det søkt finansiering til å klargjere sentrale deler av områdeplanen som gjeld sykkelløysingar slik at desse kan operasjonaliserast utover i 2022/2023.

Finansiering gjennom Miljøløftet: 100 000 kr.

 

 

Les fleire detaljar i prosjektportfolioen for Miljøløftet