Årsmeldinga for 2020 er klar

Årsmeldinga for Miljøløftet i 2020 er no klar for lokalpolitisk behandling. Den viktigaste hendinga i 2020 var utvidinga av området for byvekstavtalen. Statustala for måloppnåing vitnar om eit år prega av covid-19.

Den nye byvekstavtalen for bergensområdet vart signert av alle ni partar den 24. september 2020. Då kom dei nye avtalekommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden med i samarbeidet. Sidan avtalen først var gjeldande frå hausten av, er årsmeldinga for 2020 prega av den førre byvekstavtalen for Bergen (2017–2023), som var geografisk avgrensa til Bergen kommune.

Siktar mot nullvekstmålet

Det viktigaste målet for Miljøløftet er nullvekstmålet. I byområda skal ein redusere klimagassutslepp, kø, luftforurensing og støy på to måtar: Gjennom effektiv arealbruk, og gjennom å få veksten i persontransporten til å skje ved bruk av kollektivtransport, sykling og gåing.

For å kunne følgje med på om ein er på veg mot nullvekstmålet, er det lagt inn ein del indikatorar for måloppnåing i avtalen. Primærindikatoren for nullvekst er Bytrafikkindeks, ei samling av teljepunkt for biltrafikk i bergensområdet. For 2020 viser denne indeksen ein nedgang på 9,8 prosent.

Mest nedgang i kollektivreiser

Nedgangen har i stor grad samanheng med covid -19. På den eine sida er dette godt nytt for måloppnåinga.  Færre reisande totalt sett har også gitt færre personbilreiser, og venteleg også ein reduksjon i klimagassutslipp, kø, luftforurensing og støy.

Samtidig har det i 2020 vore oppfordra om ikkje å bruke kollektivtransport, og det ser vi tydeleg både i passasjertall og den årlege reisevaneundersøkinga (RVU). Nedgangen i kollektivbruk er klart større enn nedgangen i personbilreiser. Dette harmonerer dårleg med nullvekstmålet. Det å auke andelen kollektivreisande att blir dermed viktig når samfunnet igjen går mot ein normalsituasjon.

Auke i gåing

Når det gjeld sykkelbruk er det ikkje indikert store endringar i RVU. Likevel viser sykkelindeksen, som baserer seg på faste teljepunkt, ein fin oppgang i talet på sykkelturar gjennom teljepunkta.

RVU indikerer også at talet på gåande aukar i heile avtaleområdet.

Årsmeldinga er venteleg ferdig politisk behandla i løpet av august 2021.

Du kan lese heile årsmeldinga for 2020 her (PDF)