Hald deg frisk. Gjer turen miljøvennleg: Sjå opptaket av frukostseminaret her!

Fredag 17. september vart det halde eit digitalt frukostseminar under Mobilitetsveka 2021. Her kan du sjå opptak av dei tre foredraga, og av samtalen etterpå.

Frukostseminaret samla tre ulike perspektiv på kvifor vi skal røre oss meir på våre daglege reiser til jobb og skule. Og ikkje minst, korleis ein skal få fleire til å gjere det.

Inga nedre grense

Ole Petter Hjelle er fastlege, forfattar og foredragshaldar. Han fortalde om korleis ekstra fysisk aktivitet kan ha stor effekt på korleis hjernen vår fungerer. Vi hugsar betre, vi lærer betre, vi blir meir kreative, og har mindre risiko for demens. – Hadde fysisk aktivitet vore ein pille ville alle ha teke han, sa Hjelle. 

Og litt er betre enn ingenting.  – Det er ikkje funne nokon nedre grense for når det begynnar å hjelpe, understreka Hjelle. Han ga også gode tips for korleis ein kan overvinne hjernens ibuande latskap.

Korleis «nugge» folk i gang?

Aslak Fyhri er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt. Han snakka om kva som skal til for å få folk til å sykle eller gå meir. Eit verkemiddel er «nudging», små vennlege dult for å skape ei endring i reisemønstera våre. Fyhri lanserte ordet «nugging» som eit godt norsk begrep. Og både raud asfalt for å indikere sykkeltrasear og tilrettelagte sykkelvegar hjelper på at folk syklar meir. Det same gjer sponsing av el-syklar. Eller kva med eit lotteri for å få folk til å ta sykkelen meir i bruk?

Trivelege bymiljø gir meir gåing

Helge Hillnhütter er arkitekt og byplanleggar, og førsteamanuensis på Institutt for arkitektur og planlegging ved NTNU. Han snakka om gåing. Gåing er ein så integrert del av våre liv at vi gløymer kor viktig det er som transportmiddel. Også ved bruk av kollektiv og bil utgjer gåing ein stor del av turen.  Men utforminga av byrommet påverkar opplevinga av gåturen, og om vi vel å gå meir eller mindre. Dette er målbart og ikkje berre «mjukfaktorar», understreka Hillnhütter. Dermed blir det å skape attraktive byrom for gåing svært viktig om vi skal redusere bilbruken.

Finn dei gode turane

Solveig Paule, seksjonssjef i Seksjon for kommunikasjon og samhandling i Bergen kommune, innleia og oppsummerte seminaret i samtale med dei tre deltakarane. – Når det er vist at eitt minutt med aktivitet gir sjugangen tilbake i livslengde er det kanskje noko ein kan bygge ein app rundt?, spurde ho mellom anna.  Ho avslutta med ei oppfordring om å ta turen ut for å finne dei gode omgjevnadane for gåing og dei gode sykkelvegane. For å auke livskvaliteten og livslengden – og redde kloden samtidig.

Over kan du altså sjå heile frukostseminaret i opptak. Vi håpar det er til inspirasjon!