Velkommen til Mobilitetsveka 2022!
Fredag 16. september går startskotet for Mobilitetsveka. Det er program i alle Miljøløftet-kommunane; Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden, med spektakulære sykkelshow, bilfri dag og mykje anna. Kom og heng saman med oss! Sjekk programmet i menyen til venstre.
Temaet for årets mobilitetsveke er "Betre forbindelsar". Vi vil vise korleis transportmidla heng saman, sykkel, sparkesykkel, buss, bane, båt og gange, og korleis du kan kombinere dei i ein grønare reisekvardag.
På programmet står spektakulære sykkelshow, trialløyper for barn, bilfri dag, fiks sykkelen sjølv-kurs og mykje anna. Sjekk programmet i menyen til venstre.
Og bruk gjerne veka til å la bilen stå, og prøve nokon nye transportmiddel mellom heim, jobb, skule og trening.
Om europeisk mobilitetsveke
Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. I 2021 deltok over 3000 byar og tettstadar i 53 land. Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.